Årsavslutning for Os-domarane

Første tirsdag i desember samla domaransvarleg Morten Hunhammer domargruppa i Os Fotball til siste samling for sesongen. 20 domarar var påmeldt.
 
Domargruppa veks godt under god rettleiing av Hunhammer, og i 2025 hadde dei heile 496 klubboppdrag og 269 kretsoppdrag, ei auke på 17%!
Ein rekruttdomar hadde 37 oppdrag åleine, og klubben hadde første «trio» oppdrag på mange år, det vil seie både hoveddomar og to assistentdomarar i same kamp. 
 
Hunhammer presenterte også mål for domargruppa i åra som kjem. Her kan dei som ønsker få god oppfølging til å satse - opprykk til kretsdomar, og oppdrag i Toppserie og/eller 2.div herrer er gode mål å strekke seg etter. Dersom ein ønsker å halde seg på klubbnivå er det flust med oppdrag i lokale cupar og serieturneringar.
 
Har du lyst til å prøve deg som domar den komande sesongen? Klubben vår treng engasjerte og trygge domarar som kan bidra til gode rammer rundt kampane våre. Enten du har litt erfaring frå før eller er heilt ny og nysgjerrig på rolla, er du hjarteleg velkomen til å ta kontakt. Morten hjelper gjerne med informasjon, opplæring og rettleiing, og svarar på alle spørsmål. Ta gjerne kontakt med han på mobil 974 11 272 så får du god hjelp til å komme i gang!
 
Vi takkar Hunhammer og domarane våre for ein flott sesong, og håpar alle kan hjelpe oss å ta godt vare på denne gruppa i klubben vår. For hugs: Ingen domar, ingen kamp!
Annonse: