Bergen Synergy er vår nye samarbeidspartnar

Bergen Synergy og Os Fotball inngår eit treårig samarbeid for å utvikle klubben vidare - velkommen på laget!

Bergen Synergy blei etablert i 2022 med formål å hjelpe bedrifter å få kontroll over energikostnadene sine gjennom større forutsigbarhet på pris og langsiktig konkurranseevne. Geir Arne Mo, som har lang fartstid i Os Fotball, er daglig leiar for selskapet, og har dermed innsikt i kva selskapet støtter.

- Bergen Synergy ser fram til å vere med å bygge opp under all den gode aktiviteten i lokalmiljøet for barn og unge til vaksne i Os Fotball. Eg har sjølv vore med på innsida i klubben i mange år og opplevd kor mange dedikerte og flinke folk som jobber for å gje eit godt aktivitetstilbod på Kuventræ, uttaler Geir Arne Mo.

Med bakgrunn innan blant anna handel, analyse, risikohåndtering og rådføring, kombinerer Bergen Synergy markedekspertise og risiko håndtering.

- Me er eit energiselskapet som ser på kundane våre som partnarar. Me hjelper store og mellomstore bedrifter med å redusere straumkostnadane i eit komplekst energimarked, utdjuper Mo. 

Les meir om våre ferske støttespelarar her: Bergen Synergy

Me set stor pris på støtta, og har trua på at samarbeidet vil gje ein positiv synergieffekt for begge parter! 

 

 

Annonse: