Knepent tap mot eit forsterka Brann 2

Herrelaget møtte måndag eit forsterka Brann 2-lag i poengnaud.

(Viktor Mendoca Wikheim skåra sitt fyrste mål i Os-drakt mot Brann 2. På bilete er midtbanespelaren i aksjon i heimesigeren mot Stord. Foto: Hordalandsfotball)

Til den 11.serierunden i Norsk Tipping-ligaen gjesta våre menn Brann 2 på Nymark. Brann sine nest beste menn var på jakt etter sært tiltrengte poeng og mobiliserte med 8 a-lagsspelarar, samt osingane Ole Martin Kolskogen og Elias Heggland Myrlid. 

Trass eit lag med flust i eliteseriekampar, hang Os godt med og var til tider heilt på høgde med vertene. De 27 fyrste speleminutta var det faktisk Os som eit ørlite momentum i kampen med mykje ballbesittelse og skapte nokre halvsjansar, før Brann var dødelig effektive når sjansen bydde seg. Etter baklengsmålet endra kampen karakter og Brann tok meir over. 1-0 stod seg til pause. 

Det er frå sine eigne ein skal ha det, heiter det, og det var nettopp det som skjedde tidleg i 2.omgang. Storskårar Elias Heggland Myrlid auka forspranget til 2-0 i det 56.min. Os kom framleis til gode posisjonar til å skape sjansar, men det stokka seg seg i siste fase og Brann hadde relativt god kontroll. Viktor Mendonca Wikheim tente gnisten med sitt fyrste mål i Os-drakta i det 84.min, og Os klarte å mobilisere ein sluttspurt for utlikning. Os skapte litt trykk på dødballer, men måtte konstatere at Brann 2 stakk av med alle poenga. 

Laurdag kl. 13.00 er det duka for årets siste heimekamp når Sandviken kjem på besøk. Vel møtt! 

Norsk Tipping-ligaen avd. 3

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 23 17 1 5 76 39 37 52
2 Djerv 1919 Djerv 1919 23 15 5 3 59 30 29 50
3 Askøy Askøy 23 12 7 4 40 29 11 43
4 Vard Haugesund Vard Haugesund 23 12 5 6 62 42 20 41
5 Fana Fana 23 13 2 8 64 45 19 41
6 Brann 2 Brann 2 23 10 6 7 54 43 11 36
7 Austevoll Austevoll 23 10 6 7 45 51 -6 36
8 Førde Førde 23 9 4 10 43 51 -8 31
9 Sogndal 2 Sogndal 2 23 9 3 11 61 49 12 30
10 Stord Stord 23 5 9 9 44 61 -17 24
11 Varegg Varegg 23 6 5 12 37 46 -9 23
12 Åsane 2 Åsane 2 23 4 7 12 39 57 -18 19
13 Gneist Gneist 23 5 3 15 38 67 -29 18
14 Fyllingsdalen Fyllingsdalen 23 1 3 19 19 71 -52 6

Annonse: