Os Fotball og Os Taxi inngår partnerskap
Os Fotball og Os Taxi AS kan med stor glede melda at dei no går saman i eit nytt partnerskap.
– Os Fotball er ein inkluderande og viktig lokal idrettsaktør som skapar aktivitet for både unge og vaksne. Me er imponerte over arbeidet som er gjort – og som stadig blir gjort – på Kuventræ, seier dagleg leiar i Os Taxi, Øyvind Hellebø.
Han tok over stafettpinnen tidlegare i år etter Tor Anders Hauge, ein kjent og kjær skikkelse for mange, som no har gått inn i pensjonisttilværet.
Partnerskapet markerer eit sterkt ønskje om å støtta lokalt engasjement og bidra til vidare utvikling av eit levande idretts- og aktivitetstilbod i bygda.
– Me er ein lokal aktør, og no var tida inne for å inngå eit samarbeid med ein annan lokal aktør. Det kjennest heilt rett å støtta klubben og miljøet som betyr så mykje for så mange, seier Hellebø.
Lokal kompetanse og grøn transport
Os Taxi AS er ein totalleverandør av transport for grupper frå 1 til 100 personar og tilbyr alt frå korte turar i nærområdet til større reiser og arrangement. Selskapet leverer grøn og påliteleg transport, og alle personbilane er 100 % elektriske. Med 16 drosjar – inkludert tre større bilar med plass til opptil åtte personar og rullestol – står dei klare til å hjelpa både privatkundar og større grupper. Gjennom samarbeidspartnarar kan dei òg tilby transportløysingar til større arrangement.
Med Os Taxi får du meir enn ein køyretur. Du får tryggleik, service og ei lokal verksemd som verkeleg bryr seg.
Os Taxi held til ved busstasjonen i Os sentrum og er tilgjengeleg heile døgnet, heile året.
Os Fotball takkar Os Taxi for tilliten og ser fram til å utvikla partnerskapet vidare i tida som kjem.
