SPENNANDE VEKE FOR HERRELAGET

Herrelaget står overfor ei spennande veke med tre kampar på åtte dagar på Kuventræ; i dag kjem Stabæk 2 på besøk, laurdag er det Ready som skal måle krefter, medan det neste onsdag blir cupfest mot Åsane!

Foto: Kjetil Vasby Bruarøy, Midtsiden. 

- Det blir veldig spennande og me gler oss til tre heimekamper på åtte dagar. Det vil kreve mykje av alle saman, både med tanke på førebuingar og at me evner å nullstille frå kamp til kamp. Me har lagt bak oss ei god treningsveke, og ser mange moglegheiter. I kveldens kamp vil me gå offensivt til verkst med klar ambisjon om å oppretthalde sigersrekka på Kuventræ, seier hovudtrenar Endre Brenne. 

Herrelaget har fått ein god start på sesongen med siger i tre av fire seriekampar, samt kvalifisert seg til 1.runde i cupen etter å ha slått Sund og Lysekloster. I tida framover kjem kampane tett som hagel, og fyrst ut er Stabæk sine lovande rekrutter. 

Stabæk 2 tirsdag 10.mai kl. 18.00 - Kamsponsor Tind Økonomi

Stabæk 2 står så langt med tre uavgjorte resultat, mot henholdsvis Kjelsås 2, Sandviken og Grorud 2, medan det blei ein smell mot Nordstrand i førre runde. I troppen har Stabæk sine rekrutter fleire aldersbestemte landslagsspelarar, og har samtidig ein tidligare Premier League-proff på trenerbenken. Den tidligare Fulham-proffen, Bjørn Helge Riise, er trenar i Stabæk-akademiet og er også del av teamet rundt Stabæk 2. Son hans, Noah Riise, er på veg oppover i Stabæk-systemet og blant anna spelt i alle kampane til andrelaget hittil.

Herrelaget vil på si side klatre til 3.plass på tabellen med siger i kveldens kamp. 

Mathias Dahl, Kristian Halvorsen og Marius Mikkelsen er utilgjengelige mot Stabæk 2. 

Kampstart kl. 18.00. Vel møtt!

Kampsponsor: Tind Økonomi

Logo-Tind-Okonomi-liggande-web.png

Inngang: 
Sesongkort: Fri entré
Born og unge under 16 år: Fri entré
Vaksne: 80 kr. 

magnorvinduet-538x93-1.png
INSTA.png

Neste kampar for herrelaget:

 

- Ready laurdag 14.mai kl. 14.00

- 1.runde i NM mot Åsane onsdag 18.mai kl.18.00

Norsk Tipping-ligaen avd. 3

Spilt S Vunnet V Uavgjort U Tap T + - +/- Poeng P
1 Os Os 16 13 0 3 63 29 34 39
2 Askøy Askøy 16 10 5 1 29 15 14 35
3 Djerv 1919 Djerv 1919 16 8 5 3 37 21 16 29
4 Førde Førde 16 8 2 6 32 29 3 26
5 Fana Fana 16 8 1 7 41 33 8 25
6 Vard Haugesund Vard Haugesund 16 7 4 5 34 30 4 25
7 Brann 2 Brann 2 16 7 4 5 34 32 2 25
8 Sogndal 2 Sogndal 2 16 7 3 6 41 31 10 24
9 Austevoll Austevoll 16 6 5 5 32 37 -5 23
10 Stord Stord 16 3 7 6 28 43 -15 16
11 Åsane 2 Åsane 2 16 3 5 8 24 34 -10 14
12 Gneist Gneist 16 4 1 11 28 48 -20 13
13 Varegg Varegg 16 3 3 10 22 34 -12 12
14 Fyllingsdalen Fyllingsdalen 16 1 3 12 15 44 -29 6

 

Annonse: